Lyrikklubben inviterer til “Per Sivles liv og dikting” i Møllesalen, Sjoddien, Strusshamn onsdag 16. oktober kl 12.30.

Jens Brekke frå Vik i Sogn vil gi oss ei innføring i Per Sivle sitt liv og dikting. Brekke har vore leiar i Sivle-laget sidan starten i 2001, og har helde mange foredrag om Per Sivle. Han har stått bak nyutgjevingar av tekstar av Sivle, mellom anna “Berre ein hund”. Han fekk Fylkesmålprisen i 1998, Vik kommune sin kulturpris i 1999, og Målrosen i 2000. Jens Brekke har vore kåsør i NRK i mange år.

Det blir og eit variert program med diktlesing og kjende Sivle-songar. Pause med kaffi/te og litt å bite i (inkl. i billetten)

Arrangementet er åpent for alle.

Ny parkeringsplass er opparbeidd ved Sjoddien. Buss frå Kleppestø kl 12.10. Buss frå Strusshamn til Kleppestø kl 13.47 og 14.47.

inngangsbillett: kr 100,- pr person.

Velkommen til eit par hyggelege timar i Møllesalen

Helsing

Lyrikklubben