Strusshamn

Kva namnet Strusshamn tyder, er språkforskarane våre usamde om. Det har vore skrive på fleire måtar gjennom fleire århundre,- som Stuttzhaffnn, Studzhaffnn, Strudzhaffn, Strudshaufn og i 1723 Strudshafn. Namneforskaren Oluf Rygh meiner at det opprinnelege namnet har vore Stutshofn ” d. e. Studen, Oxen, Navn paa den lille Holme midt i den Bugt, som har givet Gaarden Navn”. Stut og okse er synonyme namn. Fleire stader langs kysten vår er namn knytta til fjellformasjon som Oksnes og Oksebåsen. Gamle kart og diverse annan dokumentasjon fører oss tilbake m.a. til 1599. Då var den dansk-norske kongen Kristian 4. i Strusshamn. Han var her også i 1641.

Funn av marinarkeologisk materiale frå 1600-talet, og fortøyingsringar fleire stader rundt i hamneområdet frå same tid, stadfestar at Strusshamn har vore ei sentral hamn. Godt skjerma for vér og vind, og kort avstand til Bergen, la grunnlaget for gjestgjevarstad, kyrkje og administrasjonsstad for Askøy kommune.

Strusshamn var ein av storgardane på Askøy i lang tid. Det var krongods til Kong Kristian 6. selde til private i 1740. Hovudbruket vart lenge kalla Gørbitzgården etter dei mange eigarane med etternamnet Gørbitz. Eigedommen vart litt etter litt stykka opp og seld. Hovudhuset, som er frå før 1750, er skilt ut og vert i dag kalla Gården.

Lekpredikanten Hans Nielsen Hauge var oppteken med å skaffe arbeid til folk. Mottoet hans var å setje ånd og lekam i arbeid. Han var med å skaffe pengar til å byggje ei mølle i Strusshamn i 1804. Den første industrien vart dermed grunnlagt her – som også vart eit senter for haugianismen på Askøy. Industrimøllene utkonkurrerte bygdemøllene. Arne Johannessen kjøpte Møllehuset i 1909 og etablerte A/S Arne Johannessens Shoddyfabrik. Ca. hundre personar arbeidde her på det meste. Rundt 1960 kom kunstfiberstoffet på marknaden. Det var billegare, meir slitesterkt og førte til at sjoddiproduksjonen i Strusshamn vart nedlagt frå 1987. Avvikling av sjoddiproduksjonen førte til tomme lokale. Frå 1990-åra flytta kulturen inn i nokre av desse lokala takk vere at Askøy kommune leigde ein del av dei for at frivillige lag skulle få ein stad å vere og skape ny aktivitet her. Strusshamn fekk ein ny giv. Museum som viser Askøy i farne tider, ulike arrangement som Forbundet Kysten si landsstemne, Nordatlantiske kulturdagar, Cutty Sark og Tall Ships Races trakk menneske hit både frå inn- og utland.

Frivillige, i samarbeid med Askøy kommune, har utvikla Strusshamn til å bli det som ein i Strategisk næringsplan la opp til: Eit reisemål på Askøy. Fylkeskonservatoren i Hordaland har uttalt at Strusshamn representerer eit viktig kulturmiljø, ikkje berre for Askøy, men for heile fylket. Det har utløyst fylkeskommunale pengar som er sette inn for å ta vare på det spesielle miljøet her og utvikle området til ein viktig møteplass.

I 2009 kjøpte Askøy kommune ein stor del av bygningsmassen som har høyrt til sjoddifabrikken. Det har ført til at Strusshamn kultursenter har fått ein dagleg leiar i full stilling.

Erling Virkesdal