Lyrikklubben inviterer til eit fyldig program om diktaren og lyrikaren Aasmund Olavsson Vinje

Tysdag 20. mars 2018 kl. 11.30.
Møllesalen, Strusshamn kultursenter
Inngangspengar: kr 100,-
Servering av kaffi, te, kaker.

Vinje vart fødd i Telemark 6. april 1818.
I lesebøkene våre vart me kjende med songane hans, tonesette av m. a.
Edvard Grieg. Dei mest kjende songane skal me syngje på jubileumsmarkeringa

Av jubileumsprogrammet kan nemnast:
Lysbildekåseri ved Eilif B. Løtveit.
Song av Marianne Juvik Sæbø.
Diktlesing av Leiv Jan Nielsen.
Musikalsk innslag ved Kjell Bergsvik.
Allsong.